lørdag 27. februar 2010

Litt attersyn frå renoveringa av huset



Det har gått to og eit halvt år sidan me flytta inn i huset vårt. Har samla litt bilder frå renoveringsperioda her. Det vart då egentlig eit større prosjekt enn eg hadde forventa. Då vi kjøpte huset somaren 2006, håpte eg at me skulle få flytte inn til jula 2006, men ikkje før oktober 2007 flytta me inn i den nye heimen vår.


 


Heile første etasje vart ombygd. Alt vart rive. Berre noko berande kontstruksjon stod att. Ei bratt trapp til kjellaren vart riven, og ei ny "resirkulert" trapp, med nytt rekkverk frå StrynTrappa vart sett inn i staden. Der det hadde vore kjøkken vart det bygd eit nytt stort bad, og der det hadde vore bad vart det bygd nytt kjøken  med opa løysing til stove. Pipene på huset vart rivne og ei ny pipe vart oppmura gjennom våren og sommaren 2007.


  


Somaren 2008 tok me fatt på å grave opp rundt huset for å få ein tørr kjellar. For då me reiv frå plater under rivinga, oppdaga me at der var fuktig enkelte stader ved ytterveggane. Gravinga vart ikkje gjort med gravemaskin men med handemakt!!!!God trening gjennom sommaren!!!!


tirsdag 23. februar 2010

Før jul vart eg kneoperert, og vart i ei periode litt immobil. Då gjekk eg igang med nokre strikkeprosjekt. Fann oppskrift på www.garnstudio.com, og bestilte garn derifrå. Favoritten min er Drops Alpaca Ull. Love it!!!
Så mjukt og godt å ha på seg. Måtte til å lage ei jakke i mørk lilla til min mentor som betyr alt for meg og som har lært meg så mykje gjennom livet.


 

Jakke i farge Perlegrå 

  

Jakke i farge Lys Blå 

torsdag 18. februar 2010


Det har i det siste vore kaldt her ved elva. Dette bilde er fra hagen vår- på veg inn i den blå...time..