tirsdag 8. juni 2010

...er så heldig...



... eg har fått meg nye gardin på kjøkkenet mitt, og dei er laga av mamma. Er ikkje eg heldige vel? Kjempe fine hekla sommargardiner. 
No må sommaren berre kome til mitt hus og hage! 



...tilbake fekk mamma denne jakka med seg til odel og eige..
sjølvsagt strikka i alpakka..
og mamma likar veldig godt lilla..  

mandag 24. mai 2010

...fekk ein award...



Takk til deg Rigmor for at eg fekk denne utfordringa. Skrive 7 ting om seg sjølv er ikkje så enkelt, men skal prøve...

1. priveligert mamma til to.
2. held fortsatt på med renovering av huset vårt. 
3. har ein nydeleg hage, som eg vil prøve å ta godt vare på.
4. elskar musikk, syng i kor, og er sjølvlært på gitar 
5. glad i å strikke og hekle.
6. likar å samle familie og vener til godt lag og mat.
7. for å samle tankar og krefter i ein generelt sett travel og hektisk kvardag, treng eg å kome meg ut i skog og mark  Det er rehabilitering for meg.

Sender denne "stafettpinnen" vidare til  deg Linn, og til

http://husetvedfjorden.blogspot.com/  og

http://draumesider.blogspot.com/  og

http://hjemoglykke.blogspot.com/

elles har pinsehelga gått med til å vere med familie og vener i barneselskap og grillparty.
Her er eit lite bilde av nydeleg primula. Har dei i ein lysare lilla farge også.


Ha ei fine og kjekke veke!

*klem* 

fredag 7. mai 2010

...snik-kik...

...no er fristen snart ute..



Gler oss veldig til den store dagen vår!

Ha ein kjekke fredagskveld alle! 
♥♥♥

onsdag 21. april 2010

... på veg mot sommar..



ynskjer meg sterkt ein ny supersykkel, som eg kan suse meg ein tur rundt fjorden ein dag eller kveld. Kjenner at det kriblar litt i beina etter ein lang vinter. Ein kjenner seg så fri når ein trakkar avgarde på sykkelen. Vind i håret ( les: nedtrykt hjelmsveis) og fri som fuglen. Herleg...






Dessutan har eg dei siste åra funne ut at eg bur veldig lagleg til for å ta seg ein sykkeltur. Her er kjempe mange kjekke ruter for ei sykkelutflukt med familien òg. Satsar friskt på at det blir ein nydeleg sommar i år, og sommarkveldane kan brukast til nettopp.. ein sykkeltur rundt fjorden..





*klem* 

 

fredag 9. april 2010

...påskeresymé...



har ikkje hatt så mykje tid til overs i det siste... Skulle vere litt i forkant med påskepyntinga, og starta ei veke før palmehelga. Husbonden var på skiweekend ei heile helg, så då nytta eg høve til å få fram påskepynten.





Fekk òg god hjelp av min lille hjelper, som også hadde laga fin påskepynt i barnehagen. Det var veldig kjekt, og det er kjempe viktig å lage sine eigne tradisjonar i høve påske. 


 


Fekk òg brukt skia mine i påska. Heilt fantastisk. Det er ikkje mange månadar sidan eg vart kneoperert. Vart vel egentlig fråråda å gå på ski av legen.. men det gjekk bra :o) 




Det var kjempe stas å kome til fjells. Det var nesten magisk. Sitje i solveggen å nyte medbrakt mat og få ein varm kopp kaffe....lykke.


  


Heime i hagen skjedde det ein god del i løpet av nokre flotte påskedagar.  
Blåstjerner, Krokus, Perleblomster, Snøklokker  


  




* klem* 






 

mandag 22. mars 2010

...inspirert av stjernene...

 
I dag har vi baka brød her i huset ved elva. Storebror i huset tok kommandoen då deiga var ferdig heva. Han leitte ivrig fram pepperkakeformene. Dei kunne godt brukast til noko anna enn å lage julemannar og pepparkaker. Dermed gjekk han i gang med å trykke ut ulike figurar av brøddeiga.
 
 
 

 
..og etter at *stjernebrøda* var steikte og avkjølte, var det tid for prøvesmaking... 

...no kjem våren...



..No håper eg at våren kjem og at det ikkje kjem meir snø. I dei siste dagane har det regna ganske mykje. Snøven i hagen har takka for seg.  Krokus- og snøklokkespirane kjem fram.






Med våren kjem også energien til å styre ute i hagen. Har utruleg mange idèar som eg så gjerne skulle realisert. Så det er berre å hoppe i hagestøvlane og brette opp skjorteermane. 





 Var på trilletur idag med minstemann og vi kosa oss ute på tur..

 * VÅR klem *