mandag 22. mars 2010

...inspirert av stjernene...

 
I dag har vi baka brød her i huset ved elva. Storebror i huset tok kommandoen då deiga var ferdig heva. Han leitte ivrig fram pepperkakeformene. Dei kunne godt brukast til noko anna enn å lage julemannar og pepparkaker. Dermed gjekk han i gang med å trykke ut ulike figurar av brøddeiga.
 
 
 

 
..og etter at *stjernebrøda* var steikte og avkjølte, var det tid for prøvesmaking... 

...no kjem våren...



..No håper eg at våren kjem og at det ikkje kjem meir snø. I dei siste dagane har det regna ganske mykje. Snøven i hagen har takka for seg.  Krokus- og snøklokkespirane kjem fram.






Med våren kjem også energien til å styre ute i hagen. Har utruleg mange idèar som eg så gjerne skulle realisert. Så det er berre å hoppe i hagestøvlane og brette opp skjorteermane. 





 Var på trilletur idag med minstemann og vi kosa oss ute på tur..

 * VÅR klem *  




lørdag 13. mars 2010

....frå kvardag til helg...




 I dag snøvar det tett her med oss.... Trur ikkje den blir liggande så lenge. Hagen her ved elva var på veg fram frå den kvite dyna si, og det var godt å sjå nokre grøne blad og spirar. Men tida var altså ikkje inne..
  



I helga skal vi prøve å få gjort litt huslege syslar og få tid med familie og vener.
Ynskjer deg og dine ei kjekke og innhaldsrik helg!


* klem* 


torsdag 4. mars 2010

..Kvite ranuklar...

 


Desse nydelege ranuklane har fått kome heim til oss. Alle som kjenner meg godt veit at eg elskar kvite blomster. Valet stod mellom ein bukett kvite tulipanar og ranuklane på butikken. 


  


Inne er det godt og varmt. Fyr i ovnen og herleg musikk på anlegget. Lykke.


  

 *Varm klem* 

tirsdag 2. mars 2010

...litt meir snø...

 


Det har kome litt snø i dag. Tok meg ein tur ut i skogen og fekk tatt nokre bilde med nye mobilen min.
Lyset, fargane og stemninga var heilt spesiell. Gjekk berre og lytta, men det var heilt stille ute i skogen.

 


 ...fin vinter... snart vår...


 


*klem*