onsdag 21. april 2010

... på veg mot sommar..



ynskjer meg sterkt ein ny supersykkel, som eg kan suse meg ein tur rundt fjorden ein dag eller kveld. Kjenner at det kriblar litt i beina etter ein lang vinter. Ein kjenner seg så fri når ein trakkar avgarde på sykkelen. Vind i håret ( les: nedtrykt hjelmsveis) og fri som fuglen. Herleg...






Dessutan har eg dei siste åra funne ut at eg bur veldig lagleg til for å ta seg ein sykkeltur. Her er kjempe mange kjekke ruter for ei sykkelutflukt med familien òg. Satsar friskt på at det blir ein nydeleg sommar i år, og sommarkveldane kan brukast til nettopp.. ein sykkeltur rundt fjorden..





*klem* 

 

fredag 9. april 2010

...påskeresymé...



har ikkje hatt så mykje tid til overs i det siste... Skulle vere litt i forkant med påskepyntinga, og starta ei veke før palmehelga. Husbonden var på skiweekend ei heile helg, så då nytta eg høve til å få fram påskepynten.





Fekk òg god hjelp av min lille hjelper, som også hadde laga fin påskepynt i barnehagen. Det var veldig kjekt, og det er kjempe viktig å lage sine eigne tradisjonar i høve påske. 


 


Fekk òg brukt skia mine i påska. Heilt fantastisk. Det er ikkje mange månadar sidan eg vart kneoperert. Vart vel egentlig fråråda å gå på ski av legen.. men det gjekk bra :o) 




Det var kjempe stas å kome til fjells. Det var nesten magisk. Sitje i solveggen å nyte medbrakt mat og få ein varm kopp kaffe....lykke.


  


Heime i hagen skjedde det ein god del i løpet av nokre flotte påskedagar.  
Blåstjerner, Krokus, Perleblomster, Snøklokker  


  




* klem*