fredag 9. april 2010

...påskeresymé...



har ikkje hatt så mykje tid til overs i det siste... Skulle vere litt i forkant med påskepyntinga, og starta ei veke før palmehelga. Husbonden var på skiweekend ei heile helg, så då nytta eg høve til å få fram påskepynten.





Fekk òg god hjelp av min lille hjelper, som også hadde laga fin påskepynt i barnehagen. Det var veldig kjekt, og det er kjempe viktig å lage sine eigne tradisjonar i høve påske. 


 


Fekk òg brukt skia mine i påska. Heilt fantastisk. Det er ikkje mange månadar sidan eg vart kneoperert. Vart vel egentlig fråråda å gå på ski av legen.. men det gjekk bra :o) 




Det var kjempe stas å kome til fjells. Det var nesten magisk. Sitje i solveggen å nyte medbrakt mat og få ein varm kopp kaffe....lykke.


  


Heime i hagen skjedde det ein god del i løpet av nokre flotte påskedagar.  
Blåstjerner, Krokus, Perleblomster, Snøklokker  


  




* klem* 






 

1 kommentar:

  1. Å kor kjekt å lese frå dej igjen. Du e so flinke å skrive og formulere ting. Kjempefine påske-egg :) Og fine bilder elles. Ser ut som dokke he hatt ei super påske. Klem :)

    SvarSlett